Edvard Grieg — Blåbær-Li

Nei sjå, kor det blåner her! No må me roa oss, Kyra! Å nei, slike fine Bær Og dei, som det berre kryr a’! Nei, Maken eg hev kje set! Sumt godt her er då tilfjells No vil eg eta meg mett; Her vil eg vera til Kvelds! Men kom no den Bjønnen stor!— Her fekk bli Rom åt oss båe Eg torde kje seia eit Ord Til slik ein røsjeleg Våe Eg sa berre: ver so god! No må du kje vera bljug! Eg lêt deg so væl i Ro; Ta for deg etter din Hug Men var det den Reven rau So skuld’ han få smaka Staven; Eg skulde banka han dau Um so han var Bror til Paven Sligt skarve, harmelegt Sleng! Han stel både Kje og Lam Men endå so fin han gjeng Hev korkje Agg hell Skam Men var det den stygge Skrubb So arg og so hôl som Futen Eg tok meg ein Bjørkekubb Og gav han ein god på Snuten Han reiv sund Sauer og Lamm For Mor mi so trådt og tidt; Ja sant! um han berre kom Skuld’ han so visst få sitt Men var det den snilde Gut Der burte frå Skare-Brôte Han fekk vel ein på sin Trut,— Men helst på ein annan Måte Å Tøv, kva tenkjer eg på! Det lid nok på Dagen alt … Eg må til Buskapen sjå; Ho »Dokka« drøymer um Salt


Other Edvard Grieg songs:
all Edvard Grieg songs all songs from 1899