Edvard Grieg — Møte

Ho sit ein Sundag lengtande i Li; Det strøymer på med desse søte Tankar Og Hjerta fullt og tungt i Barmen bankar Og Draumen vaknar, bivrande og blid Då gjeng det som ei Hildring yver Nuten; Ho raudner heit; der kjem den vene Guten Burt vil ho gøyma seg i Ørska brå Men stoggar tryllt og Augo mot han vender; Dei tek einannan i dei varme Hender Og stend so der og veit seg inkje Råd Då bryt ho ut i dette Undringsord: »Men snille deg då … at du er så stor!« Og som det lid til svale Kveldings Stund Alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer Og brådt um Hals den unge Arm seg krøkjer Og øre skjelv dei saman Munn mot Munn Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm I heite Sæle søv ho i hans Arm


Other Edvard Grieg songs:
all Edvard Grieg songs all songs from 1899