Edvard Grieg — Det syng

Å veit du den Draum og veit du den Song So vil du Tonarne gøyma; Og gilja det for deg so mang ein Gong Rett aldri so kan du det gløyma Å hildrande du! med meg skal du bu I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu Du skal ikkje fæla den mjuke Nott Då Draumen slær ut sine Vengjer I linnare Ljos en Dagen hev ått Og Tonar på mjukare Strengjer Det voggar um Li, det svævest av Strid Og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid Du skal ikkje ræddas den Elskhug vill Som syndar og græt og gløymer; Hans Famn er heit og hans Hug er mild Og Bjønnen arge han tøymer Å hildrande du! med meg skal du bu I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu


Other Edvard Grieg songs:
all Edvard Grieg songs all songs from 1899